Etterrakster - kvardagshistorier frå levd liv
TING HER!
Jostein Sandsmark (1936) har skrive boka ETTERRAKSTER.
Ein etterrakster (etterslått) føreset ein hovudslått, nemleg ”SMÅ KORN frå min heimeåker” – som var ei oppvekstskildring utgjeven i 2005. Det var ei bok om småguten Jostein som vaks opp i ein stor familie på ein liten plass i ei bygd på Tysnes.
Boka sluttar med at ungguten reiser ut frå heimegarden og tek til på eit nytt kapittel i livet: Lærarskulen i Volda.
ETTERRAKSTER er blitt ei vekslande livssoge over eit halvt århundre med svært varierande tema – slik som livet gjerne er.
Forfattaren er open og livsnær og skriv i eit knapt og handlingsmetta, lettlese språk.
Sidetal: 188
Format: 17x24 cm
Mjukbind
Pris kr. 200
(frakttillegg)