SMÅ KORN frå min heimeåker


Boka er full av artige episodar med dei mest varierande tema - som eit levd liv gjerne er. Her er det både levd og sett ord på, - interessant å få del i og morosamt å lesa. Heile vegen er språket der med ledige setningar i velartikulerte vendingar - ei fryd å høyra.

Jostein Sandsmark f. 1936 fortel om oppveksten på Tysnes i Sunnhordland. Faren var emissær og ofte ute på reise. Mykje av arbeidet på garden fall difor på kone og born. Vi kjem nær innpå livet i heimen og på skulen - i leik og arbeid. Det var ei anna tid med vaskestamp på golvet framfor omnen, parafinlampe og utedo, og fem kroner som skulle rekke til julepresangar til åtte sysken.
Jostein fortel levande om dyra på garden, særleg om Viva, den ustyrlege hesten på Skartveit. Vi får vere med på møte på skulehuset med omreisande predikantar, og får del i vågale eksperiment med kuler og krut.
Dei som har levd ei stund, vil hugse attende. Dei som er yngre, vil undre seg over kor mykje ein kunne finne på, - og at ein måtte klare seg mest utan pengar. Og alle vil kjenne seg att i strevet med lekser, med syskenkjærleik og syskenkrangel. Her er både smil og tårer - og ikkje minst avvæpnande humor og forteljarglede.
Boka som er ordna tematisk, er samansett av små forteljingar som høver godt til opplesing.
Inge Velle

Johannes Heggland kallar det:
VELSKRIVEN SKILDRING FRÅ EI VESTLANDSBYGD
Av og til kan slike skrifter helst ha interesse innanfor eit visst miljø, men stundom kan det glimta til med ein stil som gjev stoffet vengefang og skaper interesse langt vidare. Det kan ein trygt seia om SMÅ KORN FRÅ MIN HEIMEÅKER. Skildringa frå fjellgarden Skartveit på Tysnes er so lokal ho kan verta, med ein spretten gutunge sin oppvekst; men soga om denne karen, forfattaren sjølv og heimen hans, er frisk og spennande lesnad. Det gjeld ikkje berre det daglege livet på ein fjellgard i tronge kår, det gjeld utviklinga frå barn til vaksen, og det på alle område. Her er ingen ting stukke under stol, t.d. religiøse kjensler som tru og tvil, heller ikkje dei meir
fysiske, intime sider ved vår utvikling frå barn til vaksen. Me møter ei tidleg refl eksjonsevne og ei sunn vurdering av mange spørsmål
som strøymer på ein i oppveksten.
Målet er god og levande nynorsk med basis i forfattaren sitt heimemål. Det er lettlese og vitnar om kor rikt og variert norsk folkemål enno er.