Trendryttarar


TING HER!

Eg har skrive ei bok om trendar og trendryttarar som rir kyrkje og samfunnsliv.
Det er ein kamp mellom åndsmakter, – og striden vert utkjempa i media.
 
Det er ein verbal kamp der ord, definisjonar, argument og åndsmakt er rolleinnehavarar.
Eg er vel apologet av legning og meiner at argumentasjonen for dei nye trendane ikkje held mål; logikken er ofte fråverande og retorikken dominerande. Bibelen blir lesen “kontekstuelt” – og dei som vil vera meir bibeltru    blir av trendryttarane påhengd etiketten “biblisistisk".”
 
Boka er ikkje i første rekke mynta på meiningsmotstandarar, – dei er lite påverkelege, - for det ser ut til at dei er fanga av ei åndsmakt det ikkje bit stål på. Men eg ynskjer å bidra med å klårgjera, overtyda og styrkja innad blant dei Standhaftige og gjera dei Trufaste tru mot det grunnleggjande.

Sidetal: 91
Format: A5
Mjukbind

Pris kr. 100
(frakttillegg)